bymuseet i bergen museene | hordamuseet

Båthallen

Noreg er eit kystland. Frå fyrste stund har ein vore avhengig av båtar for å ta seg fram og utnytta dei rike ressursane langs kysten. Med busetjing på tallause øyar og langs veglause fjordar har båten sytt for kontakt mellom folk og grender, by og omland, og soleis vore med på å binda saman landet til ein nasjon.

 

Båthallen på Hordamuseet huser 26 klinkbygde, opne trebåtar med segl og årer som framdrift, i hovudsak frå museet si eigne, store samling. Båtsamlinga til museet er ei av dei viktigaste i landet, med fleire eineståande båtar av stor kulturhistorisk tyding, og den nye båthallen gjev betre bevaringsforhold for samlinga, eit moderne utstillingsbygg og ein ny møtestad for båtinteresserte og tradisjonsberarar frå heile regionen.

 

Båtane i utstillinga kjem frå Hordaland og Sogn og Fjordane. Dei vest- og nordnorske båtane har røtene sine godt planta i den førhistoriske klinkbyggjingstradisjonen frå eldre jernalder: Norske og danske båtfunn frå 300-talet e.Kr. syner båtbord som har overlappa kvarandre, og dinest blitt klinka saman med båtsaum og roer, slik det blei gjort i vikingtid, mellomalder og i dag. Me talar her om ein 1700 år gamal ubroten byggjeteknikk.

 

Utstillinga legg vekt på den handlingsborne kunnskapen båtbyggjaren hadde gjort til sin gjennom overføring frå slekt til slekt. Dei tradisjonelle trebåtane blei bygd utan teikningar. For å bli ein god båtbyggjar laut ein ha formsans, vera ein framifrå handverkar, ha omfattande kunnskap om skog og materialar og kunna byggja båten i dialog med brukaren. Det er bygd ein eigen båtbyggjarverkstad i båthallen der publikum vil kunna sjå båtbyggjarar i arbeid. I tillegg vert det lagt vekt på det store spennet i bruken av båtane.

 

Publikum vil i utstillinga møta mange båtar, kvar med si soge å fortelja. Vi har mellom anna  presteskyssbåten til Thorbjørn Frölich. Han virka i Masfjorden og som blei rodd og sigla mellom kyrkjene på Sandnes og Solheim av eit fast mannskap.  Møt og robåten til los Vilhelm Vardøy, frå Sund som for til havs i ein 18 fots båt i all slag vær for å losa skuter trygt inn til Bergen. Regattaoselvaren «Hobby» hadde ein 80 år  lang karriere før den kom til museet. Den vann mellom anna landsregattaen i Kragerø i 1949, og Kong Haakon stod for premieutdelinga etter konkurransen. Og i motsett ende av båtbruken har vi den slitne færingen frå den veglause garden Bukkstein i Veafjorden, som har frakta tonnevis med ved, høy og agnskjel.

 

 

Båthallen er teikna av sivilarkitekt Øivind Maurseth, Link arkitektkontor. Den er finansiert ved midlar frå Kulturdepartementet, Hordaland Fylkeskommune og Grieg Foundation.

 

Del dette med andre:
Bilde til: 1107_0
Bilde til: 
	Frå Fusa.

Frå Fusa.

Bilde til: 
	Båthallen er teikna av sivilarkitekt Øivind Maurseth.

Båthallen er teikna av sivilarkitekt Øivind Maurseth.