bymuseet i bergen opplevelser | aktiviteter

Samferdsledag

Kulturvandring langs den Christianske postvegen frå Fana til Arna med samkoma i Espelandshallen.


Turen startar kl 11.00 frå Grimen over Brattland vidare til Espelandshallen. Turen er 7 km med litt stigning i byrjinga.


Kjentfolk frå Arna Marsjlag, Reppadalens vener og leiaren for Postpensjonistane i Bergen fortel og viser veg. Med på vegen kjem Ungdomens Røde Kors i Arna, Historieverkstaden, historielaga i Fana og Arna sogelag.

I Espelandshallen kan de sjå utstillinga frå posten i gamal tid og høyre på trekkspelmusikk frå Arna toradarlag. Kultursjef Marit Bratten ved Fana kulturkontor helsar dei frammøtte. Leiaren for Postpensjonistane i Bergen Vegard Bakka fortel historier frå postføring på dei gamle Postvegane.


Det går buss frå Øyrane torg kl 10.15 og 10.30 frå Espelandshallen til Grimen.

Parkering på Grimen Camping kr. 20.00, og ved Espeland og Øyrane torg gratis.


Alle er velkomne, store som små!

 

Del dette med andre:

søndag

30

aug. 2009

Samferdsledag

11.00 - 16.00

Kulturvandring langs den Christianske postvegen frå Fana til Arna med samkoma i Espelandshallen.

Hordamuseet