bymuseet i bergen skoletjeneste | våre arenaer

Hordamuseet

Hordamuseet formidlar leveviset i distriktet kring Bergen i eldre tid. Her er fleire faste og skiftande utstillingar, ei bygningshistorisk avdeling med 20 gamle hus og fortidsminne frå stein-, bronse- og jernalderen, dessutan ei av dei største samlingane av tradisjonelle trebåtar i heile landet.

 

Hordamuseet har ei godt utbygd skuleteneste med eit omfattande tilbod til både barnehage og skule på alle trinn. Den tematiske spennvidda er stor, frå steinalderjegarane i fjern fortid til livet på landsbygda i nære gamle dagar.

Undervisingsopplegga til Hordamuseet er aktivitetsbaserte, dvs. at elevane får lære ved å gjere. Dei ulike opplegga er sett saman av fleire ulike aktivitetar, gjerne i kombinasjon med ei omvising.

Museet er ope for skuleklassar etter avtale: Måndag-fredag kl 8.00-15.30. Tidsbruk kjem an på avtale, vanlegvis 2 - 2 1/2 timer.

 

Del dette med andre:
Bilde til: 
	Foto: Skoleplansje, Bergen Skolemuseum

Foto: Skoleplansje, Bergen Skolemuseum


For bestilling: ta kontakt med museumspedagog Espen Kutschera på telefon: 47 97 95 93 / 47 97 95 80


E-post: espen.kutschera@bymuseet.no


Alle skulebesøk er gratis.