bymuseet i bergen skoletjeneste | trinn

Hordamuseet

Hordamuseet kan bidra med undervising med relevans både for historie og samfunnsfag, bygg-/tømrarfag, helse- og sosialfag, design og handverk. Andre fagområde kan sikkert òg vere aktuelle.

Vi har ein del konkrete undervisingsopplegg, men ser òg for oss mange andre ulike tema og innfallsvinklar.

Tidsbruk etter avtale. Gratis inngang for skuleelevar.
Ta kontakt med museumpedagog Espen Kutschera for nærare avtale: espen.kutschera@bymuseet.no, tlf. 47 97 95 93.

 

Oversyn over fagområde og undervisingstilbod/-forslag:

Historie og samfunnsfag
Hordamuseet dekkjer heile spennvidda frå steinalder til i dag. På museumsområdet er det kulturlandskap med både fortidsminne frå stein-, bronse- og jernalder og kulturminne frå nyare tid. Museet har samla bygningar, gjenstandar, båtar og kunnskap om livet på landsbygda kring Bergen. Her er 20 tradisjonelle hus, som syner byggjeskikk og levekår frå slutten av mellomalderen til midt på 1900-talet, store samlingar med tradisjonelle gjenstandar knytt til både arbeidsliv, kvardag og fest, og fleire faste og skiftande utstillingar, mellom anna ei stor utstilling om livet i distriktet kring Bergen i eldre tid. Hordamuseet har dessutan ei av dei største samlingane med tradisjonelle båtar i heile landet. Vi er i ferd med å innreie ein ny bygning med utstilling av kring 20 utvalde båtar.

Hordamuseet kan til dømes kaste lys over problemstillingar knytt til ulike historiske epokar, teknologisk og kulturell utvikling, store samfunnsendringar som hamskiftet i primærnæringane, og overgangen frå det tradisjonelle til det industrielle, urbane samfunnet. Vi tilbyr omvisingar, føredrag, praktiske aktivitetar og demonstrasjonar, hjelp med prosjektarbeid mm.

Byggfag/tømrar
Hordamuseet har 20 bygningar, som syner den tradisjonelle byggjeskikken i Midt- og Nordhordland i eldre tid. Her er gode døme på lafte- og grind-/stavbygningar frå ulike tidsrom. Museet gjev
undervising i byggjeskikk, med påfølgjande omvising i husa på uteområdet. Det er viktig at bygningsarbeidarar under utdanning vert kjende med dei tradisjonelle byggjeskikkane, ikkje minst med tanke på rehabilitering og restaurering av eldre bygningar. Hordamuseet dekkjer òg ein rekkje andre handverk, både når det gjeld verktøy og handverksprodukt.

Helse- og sosialfag
Det har skjedd store endringar i levekår og helsetilstand gjennom historia, ikkje minst dei siste 150 åra. På Hordamuseet kan ein lære om korleis folk levde i eldre tid, og sjå korleis både hus og levekår endra seg gjennom tidene. Vi legg gjerne inn praktiske aktivitetar, slik at elevane kan få føle litt på kroppen korleis det var å leve i eldre tid.

Design og handverk
Mange formgjevarar og kunsthandverkarar søkjer inspirasjon i gamle handverksprodukt. På Hordamuseet kan ein oppleve gammalt handverk i mange ulike former og material. Vi har ei mengd tradisjonelle hus, båtar, tekstilar og andre gjenstandar. I eldre tid var det meste folk omgav seg med handverksprodukt, anten det var til pryd eller nytte. Folk flest var langt meir fingerferdige og allsidige enn dei fleste av oss er i dag. Ikkje berre form, men òg dekor var viktig, ikkje minst på personlege gjenstandar. I tillegg til heimleg husflid, har vi produkt og verktøy etter bygdehandverkarane og profesjonelle handverkarane. 

Del dette med andre: