bymuseet i bergen skoletjeneste | trinn

Hordamuseet

På Hordamuseet kan elevane oppleve både fjern fortid og nære gamle dagar. Våre populære undervisingstilbod Gamle dagar, Steinalder, Bronsealder og Jernalder er skreddersydde for samfunnsfag- og historieundervisinga i 1.-4. klasse, der ein skal verte kjend med korleis generasjonane før oss levde, lokale kulturminne, samt livet i forhistorisk tid.

 

På uteområdet til Hordamuseet er det 20 gamle hus frå landsbygda kring Bergen, dessutan mange fortidsminne frå både stein-, bronse- og jernalder. Desse er bakteppe og arena for opplegga våre.  

Undervisingsopplegga våre er i hovudsak basert på praktiske aktivitetar, dels i kombinasjon med demonstrasjonar og omvisingar. Eit typisk undervisingsopplegg tek kring 2 ½ time, inkludert matpause, med rom for justeringar i begge retningar. Det er òg mogleg å kombinere aktivitetar frå fleire ulike opplegg.

Kontakt museumspedagog Espen Kutschera for å tinge plass:  espkut@bymuseet.no tlf. 47 97 95 93.

Skulebesøk er gratis.

Steinalderen: 

Utgraving i gravekasser, der elevane kan leike arkeologar, og grave fram steinavslag, våpen, reiskapar og andre saker ein kan finne på steinalderbuplassar.
Spikking med flintknivar, for å elevane skal få sjå kor effektive steinreiskapar kunne vere.
Skyting med pil og boge, det viktigaste våpenet i steinalderen. Vi nyttar berre trebogar og piler som er laga for tradisjonell skyting.
Hordamuseet har eit utval kopiar av reiskapar og våpen frå steinalderen, dessutan skinndrakter som nokre av elevane kan få prøve.
Vi har òg ein del andre aktuelle aktivitetar og demonstrasjonar som går på liv og teknologi i steinalderen.

Bronsealderen: 

Avteikning av helleristingar frå steinplater. Elevana får med seg bileta heim.
Gjennomgang av våpen, reiskapar og drakter frå bronsealderen. Gjerne med samanlikning med steinalderen.
Hogging med bronseøkser.
Pil- og bogeskyting høver òg godt i bronsealderen.
Vi har òg fleire aktivitetar og demonstrasjonar som høver godt til å fortelje om livet i bronsealderen.

Jernalderen:

Omvising på fortidsminna frå jernalderen, som er både synlege og representative.
Klinking av båtar, om skipsbygging i jernalderen.
Eldslaging på jernaldervis, med flint, stål og knusk.
Forming i kleberstein.
Om ønskjeleg har vi endå fleire moglege aktivitetar.


 

Del dette med andre: