bymuseet i bergen skoletjeneste | trinn

Hordamuseet

Hordamuseet tek føre seg det tradisjonelle leveviset på bygdene kring Bergen. I historie- og samfunnsfagsundervisinga på ungdomstrinnet kan vi til dømes kaste lys over overgangen til det moderne, industri- og velferdssamfunnet og urbaniseringsprosessen.

 

Hordamuseet har ei omfattande samling tradisjonelle hus, båtar og gjenstandar frå bygdene kring Bergen (fleire av bydelane og forstadene i Bergen var òg landsbygd for nokre generasjonar sidan). I det tradisjonelle fiskarbondesamfunnet levde dei fleste på landsbygda, og kombinerte jordbruk, fiske og ulike typer handverk.

Vi har mange aktuelle innfallsviklar, t.d. byggeskikk, levetilhøve, jordbruk, fiske, båtar, kulturlandskap, tilhøvet mellom by og land mm. Elevane kan få både omvisingar og delta i praktiske aktivitetar. Vi hjelper gjerne til med prosjektarbeid.

Tidsbruk: Etter avtale, normalt opp mot 2 1/2 time.

Kontakt museumspedagog Espen Kutschera for avtale:  espen.kutschera@bymuseet.no, tlf 47 97 95 93.

 

Del dette med andre: