bymuseet i bergen skoletjeneste | trinn

Hordamuseet

Friluftsmuseet Hordamuseet, med gamle trehus i vakkert landskap, er eit fint mål for ei utflukt, og gjev ei god ramme for å lære om livet i gamle dagar. Vi viser gjerne fram husa og gjennomførar aktivitetar tilpassa små barn.

 

Aktivitetar som høver godt for barnehagebarn er til dømes å bake klapsekaker eller flatbrød, karde og spinne ull, kverne korn og koke graut mm. Omvisingar i utvalde hus, som til dømes skulestova og krambua, pleier å slå an blant dei minste. Vi er òg opne for å ta opp andre tema og gjennomføre andre aktivitetar (sjå gjerne på skuletilboda).

Det vakre uteområdet er i seg sjølv verdt eit besøk. Mange barnehagar nyttar området utan å delta på undervisingsopplegg. Her er fine marker, langgrunn strandlinje og små skogholt.

Ta kontakt med museumspedagog Espen Kutschera for avtale: espkut@bymuseet.no tlf. 47 97 95 93.

PS: Hordamuseet ligg like ved Stend jordbruksskule og er samlokalisert med Hordaland Teater. Ein kan godt kombinere fleire tilbod i same område, men då med separate avtaler.

Eit besøk her er gratis for barnehagen.

 

Del dette med andre:
Bilde til: 987_0