bymuseet i bergen opplevelser | utstillinger

Brøstduk - tett på

Hordamuseet går sumaren i møte med ei stor utstilling om eit lite plagg. Brøstduken – tøystykket som dekker over brystopninga i overlivet på kvinnedrakta – er ein viktig del av drakttradisjonen vår. Utstillinga byr på eit inngåande studium av brøstdukane, og tek mellom anna føre seg bakgrunn, utvikling, variasjon, teknikkar, material og symbolikk mm. Hovudvekta ligg på materialet frå Fana, men med sideblikk til resten av Hordaland. Vi har valt å nytte den lokale nemninga brøstduk, i staden for det normerte bunadsomgrepet bringeduk.

Utstillinga er eit samarbeid med Bunadsgruppa i Fana Ungdomslag. Dette er den femte store draktutstillinga Bunadsgruppa har laga saman med Hordamuseet. Gjennom utstillingane gjer Bunadsgruppa kunnskapen frå sine omfattande draktregistreringar tilgjengelege for ålmenta. Til denne utstillinga har dei gått gjennom store mengder brøstdukar både i deira rikhaldige arkiv, museumssamlingar og privat eige. Utstillinga er rikt illustrert, og viser eit godt utval av brøstdukar og andre gjenstandar.

Brøstdukane er meir enn berre eit draktstykke. Dei er djupt personlege, tett på kvinnehjartet på mange måtar. Det er lagt ned mykje arbeid og omtanke i å pynte dei, og dekoren er full av symbolsk innhald. Mange av dei har innsydd eit kjært minne eller noko anna personleg.

Brøstdukar er dokumentert i vestnorske folkedrakter sidan midten av 1700-talet, men har mest truleg vore i bruk lengre. Inspirasjonen kom nok frå motedrakta, men brøstdukane i folkedrakta fekk eige uttrykk. I dag er brøstdukane mest typiske for Hordalandsdraktene, men dei har vore nytta langsetter heile kysten frå Sogn og Fjordane til Rogaland, og dei var òg vanlege i delar av Hallingdal, Valdres og Telemark.

Dette er sjølvsagt ei utstilling for alle som er interesserte i folkedrakt og bunad, alt frå drakteksperten til konfirmanten som skal sy eigen brøstduk, men vi vonar at dei fleste vil finne glede i dei fargesprakande og rikt dekorerte småplagga, som har vorte laga og båret av generasjonar på generasjonar av kvinner.

Offisiell opning sundag 23. juni kl. 13:00 ved Hanne Yndestad Aadland frå Hordaland Ungdomslag.

Kontaktperson for Bunadsgruppa: Olga Maria Breivik, tlf. 55115812 / 41429033

Kontaktperson for Bymuseet/Hordamuseet: Espen Kutschera, tlf. 91808378 / 47979593, espkut@bymuseet.no

Del dette med andre:
Bilde til: 1140_0

Bilde til: 1140_1

Brøstduk - tett på

23. juni 13 - 5. oktober 14

Hordamuseet

Bilde til: 1140_5
Bilde til: 1140_3
Bilde til: 1140_4
Bilde til: 1140_6