bymuseet i bergen opplevelser | utstillinger

Fotopioneren A. P. Wallevik

Engasjementet for fotokunsten må ha vore stort. Anders Paulson Wallevik (1874 -1965) var far til ni born, gardbrukar, jakteskippar, postopnar og altså fotograf. Kamerautstyret følgde han overalt, på nordlandsfart, til fjells, i arbeid og på fotooppdrag i bryllaup og gravferd. Det var tungt utstyr han frakta med seg høgt og lågt. Utdanninga i fotokunsten var eit halvt års studieopphald hjå ein tysk fotograf i Berlin. Resten av opplæringa stod han for sjølv.

Framkallinga gjekk føre seg i eit enkelt sjølvlaga mørkerom på garden. Tørrplatene som kom i 1871 gjorde at fotografane kunne førebu fleire kassettar, og framkalle glasplatene når dei kom tilbake til mørkerommet. Dette var eit viktig framsteg frå våtplatene. Då måtte fotografane ta med seg provisoriske «mørkerom» ut i feltet, fordi bileta måtte framkallast kort tid etter eksponering.

I Gamlestova i Vallavik, under ei raudfarga ljoskolbe, kom motiva langsamt fram. Nær 4000 i talet. Enkle forhold kanskje, men kvaliteten var god. Wallevik vann prisar, både nasjonalt og internasjonalt, i Ungarn, Tyskland og USA. Sin siste internasjonale pris fekk han som 83-åring i 1956.

Med utgjevinga av boka Fjorden var vegen og merksemda kring denne, er fotokunsten til Anders Paulson Wallevik i ferd med å verta kjend for fleire.

«Bileta vart ei utfordring til min fantasi …...På sett og vis vart eg åleine med fotografen, dette underlege geniet Anders Paulson Wallevik. Og eg måtte prøve å finne ut kva han prøvde å fortelje meg.» ( Andreas Skartveit meldar boka Fjorden var vegen Dag og Tid 19. oktober 2012).

 

Del dette med andre:
Bilde til: 1146_2

Bilde til: 1146_5

Fotopioneren A. P. Wallevik

14. juli 13 - 3. november 13

Hordamuseet

Bilde til: 1146_3
Bilde til: 1146_6
Bilde til: 1146_4