bymuseet i bergen opplevelser | utstillinger

Vi rydder i fortida - for framtida

Velkomen til Hordamuseet og ei annleis utstilling. Eit unikt høve til å sjå noko av det som foregår i kulissane i det faglege arbeidet med gjenstandssamlingane i Bymuseet i Bergen.

Som dei fleste musea i Noreg har Bymuseet for liten plass til alt vi burde dokumentert og bevart. Svaret er ikkje så enkelt som å bygge fleire og større magasin. Det betyr at  ikkje alt musea har i samlingane sine kan få vere med vidare. Ved ein systematisk gjennomgang av samlingane, må vi gjere fagleg forsvarlege vurderingar av fleire problemstillingar knytt til bevaring av gjenstandar.

Lyst til å sjå  korleis vi jobbar?
Bli med oss inn i det som kunne vore eit magasin, og sjå korleis vi arbeider med desse spørsmåla. Vi vil arbeide i utstillinga i opningstida på kvardagar, og ein søndag i månaden. Første søndagsopne «magasin» etter opning vert kombinert med foredrag om eit aktuelt tema knytt til utstillinga.

Del dette med andre:
Bilde til: 1291_0

Vi rydder i fortida - for framtida

26. oktober 14 - 26. april 15

Hordamuseet


Voksne kr. 70


Studenter kr. 35


Barn gratis


Skoleklasser gratis


Ledsagerbevis aksepteres.


Halv pris på voksenbillett ved besøk av flere museer i Bymuseet eller ved bruk av BTkort (BTkortet gjelder for to personer).


Kafé


Gratis inngang til kafeen. Kaffe/te og nystekte vafler på menyen. Grupper bes bestille på forhånd. Egen meny for grupper.