bymuseet i bergen opplevelser | utstillinger

Byskit

Utstillinga «Byskit», som er eit samarbeid mellom Bymuseet i Bergen og BIR, tek føre seg avfall som problem og ressurs i Bergen og omland gjennom historia.

 

Søppel og forureining er eit gamalt problem, som går attende til urtida. Bergen har, som dei fleste andre byar, hatt utfordringar med avfall heilt sidan grunnlegginga. Frå 1881 tok Bergens Renovationsvæsen hand om søppel og kloakk i byen, som dei mellom anna selde til gardbrukarar som gjødning, såkalla «byskit». Resirkulering og boss som butikk er med andre ord ikkje noko nytt fenomen. Jordsmonnet i distriktet kring byen er fullt av glas- og potteskår frå den gang avfallet frå byen var ei verdfull ressurs.

Frå byrjinga av det organiserte reinhaldsvesenet til dagens høgteknologiske BIR (Bergensområdets interkommunale renovasjonsselskap) har det vore mange fram- og tilbakesteg, store teknologiske endringar, og ikkje minst enorm folkeauke og auka forbruk. Dei store søppelfyllingane frå 1900-talet er framleis eit problem, sjølv om dei ligg skjult under bakken, og fleire stader kjem gamle synder til overflata.

I dag vert store delar av søppelet  resirkulert, medan restavfallet går til forbrenning, der energien vert nytta til fjernvarme. I oktober opnar det nye underjordiske bossnettet, som skal rasjonalisere søppeltømminga i Bergen sentrum. BIR og andre aktørar i avfallsbransjen står stadig framfor nye utfordringar som skal taklast med kreative løysingar. Det er òg viktig å peike på at folk flest, med sine haldningar og handlingar, er ei viktig føresetnad for at avfallshandteringa i framtida skal vere ansvarleg og berekraftig, både i Bergensregionen og elles i Verda. 

Del dette med andre:
Bilde til: 
	Illustrasjon av Silje Søviknes

Illustrasjon av Silje Søviknes

Byskit

31. mai 15 - 31. desember 16

Hordamuseet

Bilde til: 
	«Kaggelaget» Øystein Walle (foran) og Knut Monsløp henter gammeldassen for tømming.
	Bildet er tatt i juni 1973.
	Knut Strand, Bergens Tidende.

«Kaggelaget» Øystein Walle (foran) og Knut Monsløp henter gammeldassen for tømming.
Bildet er tatt i juni 1973.
Knut Strand, Bergens Tidende.

Bilde til: 
	Da bossmann Mikal Bertin Mikkelsen ringte med bjellen og hesten Tullas hover slo mot brosteinen, kom byens beboere løpende med det lille de hadde av husholdningsavfall.
	Bildet er fra ca. 1910.

Da bossmann Mikal Bertin Mikkelsen ringte med bjellen og hesten Tullas hover slo mot brosteinen, kom byens beboere løpende med det lille de hadde av husholdningsavfall.
Bildet er fra ca. 1910.

Bilde til: 
	Illustrasjon av Silje Søviknes

Illustrasjon av Silje Søviknes