bymuseet i bergen opplevelser | utstillinger

Redesign - nytt gamalt og gamalt nytt

Ny utstilling på Hordamuseet frå sundag 25 oktober 2015.

 

Redesign er ei form for gjenbruk eller resirkulering, som føresett ei viss grad av omforming eller oppgradering, iblant ein heilt ny funksjon.Frå eit miljøperspektiv er det viktig at kasserte eller ubrukelege gjenstandar vert omforma til noko attraktivt og nyttig.

 

Redesign er likevel mykje meir enn ein reaksjon mot bruk- og- kast-samfunnet. Fenomenet har vorte trend og mote, ein populær hobby for mange, og for somme til og med eit levebrød.

 

Gjenbruk har alltid vore viktig. I gamle dagar gjorde armod og nøysemd det naudsynt å omforme gjenstandar og nytte opp att materialet. Med sunt bondevett og praktisk sans kunne det meste få ny funksjon, og mykkje vart nytta til det berre vart flis og filler att. I fattige deler av verda lev mange framleis på dette viset, og mangel og naud gjer avfall til ein viktig ressurs.

 

Utstillinga viser eit utval gjenstandar laga av skuleelevar i samband med BIR og Bergen kommune sin redesignkonkurranse for ungdom, samt elevarbeid frå Årstad vidaregåande skole. I tillegg kjem eit utval gjenstandar frå Hordamuseet sine samlingar, som synar gjenbruk i gamle dagar.
Dessutan døme på leiker som barn i utvilklingsland har laga av avfall.

 

Utstillinga vert opna i samband med Kulturdagane i Fana og Ytrebygda, sundag 25 oktober kl 13.00. Offisiell opning ved Sondre Båtstrand, Miljøpartiet De Grønne. Musikalsk innslag på gjenbruksinstrument laga av ungdom og vaksne på komposisjons- og instrumnetmakarkurset til BIT20 Ensemble, Avgarde og nyMusikk. https://www.facebook.com/events/883803238362529/

 

I 2015 har Hordamuseet hatt fokus på søppelproblematikk gjennom utstillinga "Byskit", i samarbeid med BIR. Det vert omvising i "Byskit" kl 14:30 opningsdagen, og kl 13:00 tysdag- fredag under Kulturdagane uken deretter.

Sundag 1. november arrangerar Bærekraftig Liv Kaland / Stend byttefest i Tøsdalsløa på museet.https://www.facebook.com/events/1136449623050802/

Kvar sundag frå 1.november og fram til 13. desember kan ein lage gåveesker og til og frå lappar av gjenbrukspapir i kafeen på museet.

 

 

Del dette med andre:

Redesign - nytt gamalt og gamalt nytt

25. oktober 15 - 13. mars 16

Hordamuseet

Bilde til: 
	Redesign

Redesign