bymuseet i bergen opplevelser | utstillinger

Emnetre

Bryggens Museum viser vandreutstillinga ?emnetre? og spikkekampanjen Gjør et spikk!
Hordaland Husflidslag har valt tilleggstema grindbygg. Trond Oalann demonstrerar og monterer eit grindbygg på framsida av museet frå ca kl 10.00 denne dagen. Grindbygget er ein kopi av eit gamalt grindbygg som står på Hordamuseet. Grindbygget skal stå heile utstillingsperioden. Bryggens Museum stiller også ut nokre gamle spikkepinnar frå si eiga samling. Under opningsseremonien vert det musikkinnslag av Elisabeth Vannebo, forfriskingar og omvising i utstillinga. Utstillingsperioden er 11.november - 18.desember 2005.

Kvardagar: kl.11.00 - 15.00
Laurdagar: kl.12.00 - 15.00
Søndagar: kl.12.00 - 16.00

Foredrag: Søndag 13.november 2005 kl 13.00: Nils Georg Brekke: Byggeskikk på vestlandet.

Søndag 20.november 2005 kl 13.00:
Kåre Herfindal: Dekor på tre.

Søndag 04.desember 2005 kl 13.00:
Arne Høyland: Emnetre

Filmen om Havråtunet - ein dokumentarfilm frå livet på Havrå gjennom eit år, vert synt kvar onsdag kl 11.30 og laurdagar kl 12.30. Filmen varer i 2 t. og 16 min.

Spikkeverkstad for barn og vaksne kvar laurdag kl. 13.00 - 15.00. På opningsdagen er det spikkeverkstad for born mellom kl.13.30-14.30.

Det vil gå ut tilbod til alle 5.klassane i Hordaland om å koma å sjå utstillinga og vera med å spikka. Denne aktiviteten er kvar veke i utstillingsperioden frå måndag - fredag mellom kl. 10.00-14.00.

Utstillinga skal legge til rette for at barn og unge opplever skaparglede ved å forme i materialet tre, formidle husflidstradisjonane sitt samspel med naturen, samt stimulera til nyskaping. Målet er at fleire av dagens barn og unge skal kunne beherske å lage noko av tre. Det er utarbeida eit eige aktivitetshefte med lærarrettleiing. Dette viser korleis fleire av tema i utstillinga kan være utgangspunkt for barn i møte med tre. Hordaland Husflidslag, Husflidskonsulenten i Hordaland og Bryggens Museum er vertskap for vandreutstillinga til Norges Husflidslag her i fylke. Utstillinga skal synast i alle fylka fram til den vert avslutta våren 2006. Utstillinga viser treprodukt laga av profesjonelle handverkarar frå hele landet. Frå Hordaland er bl.a. desse handverkarane representerte: Kåre Herfindal, Arne Bakke Mælen og Knut Skåla. Spikkekampanjen Gjør et spikk er eit samarbeid mellom Norges Husflidslag og Det norske skogselskap. Hordaland Skogselskap er medhjelpar her i fylke.
Del dette med andre:
Bilde til: 189_0

Bilde til: 189_1

Emnetre

12. november 05 - 19. desember 05

Bryggens Museum