bymuseet i bergen opplevelser | utstillinger

Folkestrikk

«Folkestrikk» er ei større kulturhistorisk utstilling om heimestrikk. Utstillinga fokuserer på det folkelege og kvardagslege, og viser eit breitt utval strikkeplagg frå 1800-talet til vår eiga tid. Her er representantar for både dei gamle klassikarane og farsottene innan strikkemoten på 1900-talet. Ein ekstra godbit er det 3,5 km lange skjerfet til Helge Johansen frå Moss, som fekk plass i Guinness Rekordbok, og vart presentert på "Først og Sist" på NRK i fjor haust.

Strikking fekk for alvor fotfeste i Noreg kring midten av 1700-talet, men det er få bevarte plagg frå før midten av 1800-talet. Den gong var strikk eit viktig element i folkedrakten, både til helgebruk som til kvardag og i arbeid. Frå 1920-30-talet har sports-, fritids- og moteklede dominert. Nye garntypar og teknikkar har kome til, medan mykje av det gamle har gått tapt. Likevel er arven frå dei tradisjonelle kleda framleis tydeleg i dag, vel å merke som ein del av det store mangfaldet.

I gamle dagar var det nytteverdi, ekstrainntekt og arbeidsmoral som fekk folk til å strikke, i dag er strikking gjerne kos, hobby og trend. Strikkinga er likevel framleis ein måte å nytte ledig tid til skapande arbeid, og ligg kan hende i grenselandet mellom det tradisjonelle og moderne, ei leivning frå sjølvbergingshushaldet blanda med moderne fritidsforståing.

Gamle strikkeplagg med mykje vøling står i skarp kontrast til dagens bruk-og-kast-mentalitet. Ofte vart strikkeplagga nytta til dei vart heilt utslitne, gjerne først som helgeklede, sidan til kvardags- og arbeidsklede. Det unevnelege undertøyet skulle likevel ingen sjå. Hol etter hol vart stoppa, nye delar strikka på, plagg vart rekte opp eller karda på ny. Ingen ting skulle gå til spille.

Utstillinga er produsert i samarbeid med Historieverkstaden, og er Hordamuseet/Bymuseet i Bergen sitt hovudbidrag til samarbeidsprosjektet Strikk7.

Del dette med andre:
Bilde til: 282_0

Folkestrikk

18. mars 07 - 21. desember 07

Hordamuseet

Bilde til: 282_1