bymuseet i bergen opplevelser | utstillinger

Lite lys og lite varme

Utstillinga tek føre seg bruken av eld til oppvarming og lys gjennom tidene – eit enkelt og grunnleggjande tema, men likevel omfattande og variert. I utstillinga kan ein sjå eit utval lys- og varmekjelder som har vore vore i bruk gjennom tidene, både på bygdene og i byen, hos fattige som rike. Her er mellom anna ulike typar fyrtøy, eldstader, omnar og komfyrar, lysestakar, lamper, lykter og andre reiskapar til å nytte og flytte eld.


I tusenvis av år har menneske brukt elden til å halde varmen, lage mat og lyse opp i rommet og på vegen. Han har vorte nytta som signal og varsel, vern mot villdyr, ja til og med som våpen. Respekten for den mektige elden har gjeve han ein viktig plass i tru og overtru, og ei sentral rolle i ritual, festar og høgtidar. Elden er både nyttig og farleg, og kan fort forvandle seg frå ein hjelpsam ven til eit dødeleg inferno som slukar liv og hus. I eldre tid var bruken av eld ikkje berre viktig, men ein føresetnad for å overleve. Likevel måtte ein vise varsemd og spare på brenselet, trass i at husa var kalde og mørke. Det var som regel både lite lys og lite varme.


I tillegg til å fortelje om bruken av eld har utstillinga også ei anna side. Bymuseet omfattar mange ulike museumsarenaer, og forvaltar store samlingar med stor tematisk variasjon, knytt til ulike sosiale miljø over eit langt tidsspenn. Vi ønskjer å setje fokus på samlingane våre, og vil gjerne vise fram eit utval av det vi har i magasin og museumsbygningar. Gjenstandane i utstillinga er difor i all hovudsak frå Bymuseet sine eigne samlingar. I tillegg kjem arkeologiske funn frå mellomaldersamlinga ved Bergen Museum, som tematisk er knytt til Bryggens Museum.


Del dette med andre:
Bilde til: 456_1

Bilde til: 456_0

Lite lys og lite varme

17. februar 08 - ultimo 08

Hordamuseet

Bilde til: 456_4
Bilde til: 456_2
Bilde til: 456_3