bymuseet i bergen opplevelser | utstillinger

Halsnøybåten - ein rekonstruert jernalderbåt

Båtbyggjar Knut Sørnes har rekonstruert Halsnøybåten, eit av dei eldste båtfunna i landet. Rekonstruksjonen gjev spanande informasjon om bygging og bruk av båtar i eldre jernalder.

I 1896 vart det funne båtrestar i ein myr i Toftevågen på Halsnøy i Kvinnherad. Dateringar av trevirket syner at båten truleg vart bygd på 400-talet e.Kr. dvs. i perioden vi kallar folkevandringstida. Båten var hogd sund før nedlegginga og tyngd ned med store steinar, og har truleg vore ei offergåve til dei gamle gudane.

Halsnøybåten var øydelagd alt i oldtida, og fleire av båtdelane kom bort eller vart skadde før arkeologane fekk hand om funnet. Båtbyggjaren har difor hatt ei stor utfordring med å rekonstruere fartøyet. Han har brukt dei same materialane som i originalen, og nytta reiskapstypar som har vore kjent i jernalderen. Båten er sett saman utan bruk av jernnaglar. Båtborda er sydd saman med lindebastsnøre, og spanta er surra fast til klampar i borda.

Rekonstruksjonen er bygd etter initiativ frå Johannes Eide i Eide Gruppen AS.

 

I samband med opninga av utstillinga vert det arrangert temadag om rekonstruksjonen og om båtbygging og båtutvikling i forhistorisk tid.

Del dette med andre:
Bilde til: 550_0
Bilde til: 550_2