bymuseet i bergen opplevelser | utstillinger

Hushjelp søkes. Bill. Mrk.

Bymuseet ønskjer velkommen til nok ei utstilling i regi av Historieverkstaden. Utstillinga tek føre seg hushjelpa sine arbeids- og levekår i perioden 1850-1950, både i byen og på landsbygda.

Hushjelpa var under hustukt, og måtte vere tilgjengeleg frå tidleg om morgonen til langt ut på kvelden. Ho hadde ikkje ordna fritid, var utan rett til eige rom, og maten inngjekk som ein del av løna.

Hushjelpa på 1800-talet hadde mange ulike typar arbeidsoppgåver, og måtte vere med der det var trong for det. Utover på 1900-talet vart arbeidsoppgåvene færre, men ikkje arbeidsmengda. Det som var att var den type arbeid som aldri tok slutt, som vasking og matlaging.

Først i 1948 vart hushjelpa sikra sosiale gode og ferie med løn på lik line med andre arbeidstakarar. Då var det ikkje mange hushjelpene att. Unge jenter søkte seg heller bort frå husmødrene sin justis til betre løn og regulerte arbeidstilhøve i industrien.

Utstillinga er basert på minne- og intervjumateriale, lover og andre kjelder som fortel om hushjelpa sine kår. Det er henta fram gjenstandar og foto frå samlingar og privatpersonar for å gje ei skildring av hushjelpa sine omgjevnader og arbeidstilhøve.

Utstillinga er eit samarbeid med Bergen kommune ved Fana og Ytrebygda kulturkontor.

Utstillinga vert opna 29. mars kl. 13.00.

Del dette med andre:
Bilde til: 572_0

Bilde til: 572_1

Hushjelp søkes. Bill. Mrk.

29. mars 09 - ultimo 09

Hordamuseet