bymuseet i bergen opplevelser | utstillinger

DUODU - ISI

Oppsiktsvekkjande og stilfullt strikkedesign.
For fyrste gong i Bergen!
 

 

I 1998 etablerte tekstilkunstnarane Anne Grut Sørum og Rita Nylander den nyskapande strikkebedriften DUODU i Trondheim.

Uttrykket til DUODU er dristig og moderne, men likevel tidlaust. Nokre av plagga er reine skulpturane, medan andre er meir for kroppssmykke å rekne. Likevel er funksjonalitet ein viktig føresetnad. Dette er kleskunst som skal både nytast og nyttast.

Kleda til DUODU er unike og handlaga, og teknikkane dei nyttar er tidkrevjande og kompliserte. Hovudmaterialet er ull. Plagga vert først strikka i svart/kvitt, og deretter farga, mellom anna i den avanserte japanske fargeteknikken shibori.

DUODU eksperimenterer stadig med nye teknikkar og uttrykk. Kolleksjonen ISI markerte 10-årsjubileet til DUODU i 2008. Inspirasjonen har Sørum og Nylander henta frå stille vinterlandskap med klart, reint ljos. Her er mellom anna assosiasjonar til is, snø og smeltevatn.

DUODU har fått mange prisar og stipend, deriblant Merket for God Design i 2001. Dei kan vise til ei mengd utstillingar, også ut over landegrensa, mellom anna med ei separatutstilling på Nordic Heritage Museum i Seattle, USA. DUODU har også hatt fleire designoppdrag, og er innkjøpt av Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i Trondheim.

 

Utstillingsopning sundag 17. januar 2010 kl. 13.00.

Utstillinga vert opna av Anne Grut Sørum og Rita Nylander, tekstilkunstnarane bak DUODU. Hjarteleg velkomen!

 

Del dette med andre:
Bilde til: 665_0

Bilde til: 665_5

DUODU - ISI

17. januar 10 - 24. februar 10

Hordamuseet

Bilde til: 665_3
Bilde til: 665_1
Bilde til: 665_2
Bilde til: 665_4