bymuseet i bergen opplevelser | utstillinger

Ambrosia Tønnesen - Stenhugger i det fine

Ambrosia Tønnesen (1859-1948) var den første kvinnelege bilethoggaren i Noreg. Ambrosia var ei kvinne som valde annleis, både når det gjaldt yrke, interesser, familieliv, klesstil og utsjånad. Ho var sjølvstendig, modig og original, ei som skilde seg ut i mengda.

Det er ei stor glede at Bymuseet har fått høve til å lage ei utstilling om Ambrosia nettopp på Hordamuseet. Bustaden hennar, Runeplassen, vart flytta hit og attreist på museumsområdet i 1995. 

Ambrosia debuterte i Bergen i 1884, og drog deretter til København, Berlin og Paris for å utvikle seg vidare som kunstnar. Det var ikkje lett å verkeleggjere kunstnardraumen på slutten av 1800-talet, særleg ikkje for ei kvinne. Ho gjorde det heller ikkje lett for seg då ho valte å satse på skulptur, som innebar mykje tungt arbeid. Hennar talent, i kombinasjon med indre styrke og pågangsmot, gav grunnlag for ein solid kunstnarkarriere.

Ambrosia var ein gåverik bilethoggar, kjend og respektert i si samtid. Ho var arbeidsam, teknisk dyktig og formsikker. Først og fremst er ho kjent for sine talrike portrett av historiske personar og framståande borgarar, mange av dei så naturtru og uttrykksfulle at dei nesten verkar levande. Hennar største verk er J.C. Dahl-monumentet i fasaden på Permanenten og Ole Bull-statuen i vestibylen på Den Nationale Scene. 

Ambrosia var aktiv som kunstnar like til ho døydde i 1948. Trass ein lang og produktiv kunstnarkarriere, har ho fått liten plass i kunsthistoria, truleg fordi ho har etterlate seg få monumentale verk, og ingen banebrytande, avantgardistiske arbeid. 

Ho hadde ikkje mangel på suksess. Tvert imot. Ambrosia sine arbeid var veldig populære, ho fekk mange oppdrag, og tente godt. Ho hadde ein kundekrins og eit miljø som verdsette talentet hennar, og ho hadde tette band til eliten i samfunnet.

Om ho ikkje sette så djupe fotavtrykk i kunsthistoria, let ho likevel etter seg mange spor. Det finst ei mengd skulpturar av henne både i Bergen og elles i landet, både i det offentlege rom, i offentlege bygningar og private heimar.

I utstillinga kan ein sjå eit utval av Ambrosia sine skulpturar frå ulike tider, og mange bilete frå karrieren og privatlivet hennar. Ein kjem dessutan tett på menneska ho kjende og respekterte, og miljøa ho ferdast i. 

Utstillinga byggjer i stor grad på Jorunn Veiteberg sin biografi om Ambrosia Tønnesen, som kom ut på Pax Forlag i 2009. Dei som ønskjer å lære meir om Ambrosia vil ha stor glede av denne boka.

Del dette med andre:
Bilde til: 732_0
Bilde til: 732_2
Bilde til: 732_3