bymuseet i bergen opplevelser | utstillinger

Båtreisande på Vestlandet

Vandreutstilling om Romanifolket produsert av Haugalandsmuseene.

 

Romanifolket er ein av fem nasjonale minoritetar i Noreg. Dei har levd her i landet i fleire hundre år. Romanifolket er den offisielle nemninga, men dei omtalar seg sjølv som reisande. Før i tida nytta ein gjerne nemningar som fant og splint, ofte som skjellsord, som i dag vert rekna som stigmatiserande.

Dei reisande langs kysten av Noreg brukte ofte båtar, både som bustad og framkomstmiddel, og ver ofte kalla båtreisande. I fyrste helvta av 1900-tallet brukte mange små robåtar og overnatta i naust og sjøhus. Etter andre verdskrig vart det vanlegare med større båtar som heile familiar kunne bu i. Fram til slutten av 1960-tallet var det fleire familiar som budde og reiste i båt på sørvestlandet.

Romanifolket var handverkarar og handelsfolk. Die var kjent for sitt arbeid i metall, ofte som koparslagarar og blekkslagarar, knivsmedar og urmakar. Både kvinner og menn laga trådarbeid, som vispar, gryteskrubber, rottefeller, kledehengarar, fat og kurver. Kvinnene drev handel med nål og tråd, dukar og andre tekstilar. Mange av mennene var skraphandlarar, noko dei kunne tene gode pengar på. Det tradisjonelle handverket var ein ressurs og fylde eit behov, særleg på bygdene.

Romanifolket sitt møte med storsamfunnet var tøft. Romanifolket vart tvangsbusett, plassert på institusjonar, fråteke borna, sterilisert og lobotomert. Mange familiar vart tvangssende til Svanviken arbeidskoloni, der de skulle lære seg å verte bufaste.

Utstillinga, leia av konservator Grethe Paulsen Vie, byggjer på dokumentasjonsprosjektet ”Båtreisende på Vestlandet” 2006-2008, som har teke sikte på å samle inn romanifolket si historie. Les mer om dokumentasjonsprosjekter her.

Del dette med andre:
Bilde til: 750_1

Bilde til: 750_0

Båtreisande på Vestlandet

12. september 10 - 31. oktober 10

Hordamuseet