bymuseet i bergen opplevelser | utstillinger

Pil og boge - midt i blinken

Pilbogen er mellom dei viktigaste oppfinningane i historia – både på godt og vondt. Enkel, hurtig, stille og dødbringande. Utstillinga følgjer pila og bogen frå starten, då dei revolusjonerte jakta i eldre steinalder, via slagmarkene i jern- og mellomalderen, til fredeleg fritidssyssel og sportsgrein i moderne tid. Pil og boge spreidde seg raskt til dei fleste hjørne av verda, og har felt alt frå småvilt til heile imperium.
 

I utstillinga kan ein sjå eit stort utval kopiar og rekonstruksjonar av forhistoriske og historiske piler og bogar, mesteparten produsert av arkeologen og bogemakaren Ivar Malde. Steinalderpilene er leverte av Arkikon. Bergen Museum De Kulturhistoriske Samlinger har lånt ut ei mengd bogar og piler frå sine etnografiske samlingar. Materialet syner store variasjonar, men òg slåande likskap på tvers av tid og rom. Her er alt frå enkel råskap til vakkert kunsthandverk.

Utstillinga kan dessutan skilte med innandørs skytebane, der barn og vaksne kan få teste både muskelkraft og presisjon.
 

Del dette med andre:
Bilde til: 856_1
Bilde til: 856_2
Bilde til: 856_3
Bilde til: 856_4
Bilde til: 856_5